Dagbladet



Kristen Nygaard

Kristen Nygaard var ingen karismatikar på talerstolen. Motstandarane meinte han hadde sjarm som ein gamal Lada, men dei skjønte ikkje at han var minst like seig.

25. august 2002

Dette er ikkje endå fleire minneord om Kristen Nygaard. Det er ein anmeldelse av gravferda.

Høvding og stamme

av Andreas Hompland

Alle var der ikkje då Kristen Nygaard blei bisett. Mannen var ein markant størrelse i norsk samfunnsliv i 50 år, som fremragende forskar, sosial entreprenør og politisk aktør. Han var kommandør av St.Olavs Orden og fekk «Nobelprisen» i informatikk. Men det offisielle Norge, som plar stilla mannjamt og ærbødig ved slike siste reiser, var påtakelig fråverande.

Eller rettare sagt: Ei smal skive av det offisielle Norge var der; den mot-eliten som sto saman med Nygaard i kampen om EU i 1994. Odd-Einar Dørum var der frå regjeringa, Tore Lindholt frå dei meir eller mindre statlige institusjonane, William Nygaard frå medieverden. Senterpartistar, SV-arar og gamle Venstrefolk var det mange av. Arbeiderpartiet viste seg i Trond Giskes skikkelse. Han er som kjent musikalsk for bryllup og begravelse.

Det var sikkert like greit at Ja-offisialiteten ikkje var der. Dei ville ha kjent seg som inntrengarar i eit fiendtlig kampfellesskap. Det sit mye bitterhet i såvidt grodde sår, og dette var ikkje ei stund for forsoning. Dei som var der, opplevde at dei høyrde saman.

Det var ei høvding-gravferd der stammen tok avskjed, men også styrka identitet og samkjensle i minnet om den døde. Det var ei markering av eit underliggande, ikkje-simulert fellesskap som tenkte at det er i stand til å mobilisera og vinna på nytt med nye høvdingar.

Bisettelsen utvikla seg frå personlige minneord frå familien til meir av eit politisk seminar i andre akt. Alf Inge Jansen forelas om venstremannen Nygaard, og Dag Seierstad fortalte om EU-kampen - også den om då Inge Lønning på sitt mest infame og arrogante hadde fillerista Nei-sjefen og nedkalt forsamlingas latter over han. Den utledde snudde situasjonen med replikken: «Det er bare en likhet mellom meg og Inge Lønning: Vi kan begge le av Kristen Nygaard». 

Minnetalane minte dei frammøtte om kva dei sto saman om. Etter forestillinga fortel rapportane at stammens kjerne flytta seg til Institutt for informatikk der minnesamværet heldt fram - om IT, men mest om EU.

Minnestunda vov Kristen Nygaards biografi inn i eit bilde av det norske som han mynta ut. Han var analytikaren, strategen og organisatoren, men han var også historiekonstruktør av det som blei Nei til EUs største felles mål. Hans fortelling om Norge knytta den nasjonal-demokratiske venstre-tradisjonen saman med den sosialdemokratiske orden før den brundtlandske moderniseringa. Det var ei fortelling som peika både bakover og framover. Det var ein sang om samholds-Norge mot markeds-Norge, og i den sto EU for alt som var falskt. Det var den tonen Ja-sida aldri forstod, men tok som forloren og innovervendt nostalgi i globaliseringas tidsalder. Men mens Europabevegelsen slikka frimerke, hadde Nygaards Nei til EU bygd opp eit heildekkande og effektivt elektronisk nettverk. Dei umoderne overgjekk modernistane i teknologi. Typisk nok ligg også minnesida på nettet: http://www.ifi.uio.no/in_memoriam_kristen/.

Anderledeslandet av Rolf Jacobsen sto ikkje på programmet, men Jon Eikemo las Nils Collett Vogts «Norsk sang» - ei kjærleikserklæring til landet som er «stort, kaldt og haardt, men vort», som herdar sine menn i kamp og trengslar.

Det var overfylt og dampande varmt i Vestre Krematorium. Dei som fekk plass inne, blei våte av sveitte. Dei som måtte stå på trappa blei også våte, for det var den ettermiddagen det kom ei lokal byge over Vestre Gravlund.

Seremonien var stilfull og verdig utan så mye som snurten av ein liberal prest, slike som gjerne blir kalla inn for å stå for regien ved gravferder der dødsannonsen er utan kors, for dei gjer det utan å plaga den døde eller forsamlinga med unødige gudsord. Publikum reiste seg og kista blei senka ned gjennom golvet utan jordpåkastelse, men med Collett Vogts ord hengande i lufta: «Her vil jeg gro, her vil jeg dø, men først vil i din muld jeg strø min rikdom ut, et litet frø... Kanhænde blir det et træ en gang, som suse vil din sang.»

Forestillinga var intern, men klarte balansegangen mellom det personlige og det politiske, mellom det høgstemte og det dagligdagse, mellom det alvorlige og det muntre. Ho bygde bru mellom ei gran i skogen og poplane på Eidsvolds plass.

Det blei ikkje applaudert etter songar og dikt, men stemninga var god og publikum oppglødd og takknemlig. Kristen Nygaard fekk ein forsmak på sitt ettermæle, og dei som var der, fekk ein kveik i EU-motstanden: «I brødre av den samme rot, I søstre med det samme blod. La komme hvad der skal!»

Terningkast Seks som politisk hagiografi av den døde og oppbyggelse for Nei-stammen.