Nei til EU


2002-08-10 19:49:02
Kristen Nygaard har gått bort

Det er med stor sorg Nei til EU har motteke meldinga om at Kristen Nygaard har gått bort.

Kristen har vore sentral i kampen mot norsk EU-medlemskap i fleire tiår, mellom anna som leiar av Nei til EU frå oppstarten i 1988 fram til neisigeren i 1994. Han var i dag medlem av Nei til EUs råd. Kristen var ein aktiv og viktig bidragsytar i Nei til EU, heilt fram til det siste, seier Nei til EUs leiar Sigbjørn Gjelsvik.

Arbeidet mot norsk medlemskap i EU var likevel berre ein del av Kristen sitt liv. Gjennom sitt banebrytande arbeid med informasjonsteknologi påverka han verda rundt oss på ein meir omfattande måte enn det dei aller fleste får høve til.

Våre tankar går i dag til kona Johanna og familien, seier Sigbjørn Gjelsvik.