Kristen Nygaard til minne

Etter at Kristen Nygaard døydde har mange skrive kloke ord om korleis forskaren Kristen saman med Ole Johan Dahl utvikla dataspråket som blei forutsetninga for bruk/tilgang til dataløysingar for folkemassane verda over. Eg har lese nekrologar og omtalar av Kristens innsats på dette feltet frå heile verda, som visar kor breitt engasjert han var og kor anerkjent og aktiv han har vore som forskar og foredragshaldar i mange og svært ulike universitetsmiljø.

Mange har også peika på politikaren og forskaren Kristen sitt engasjement for at nettopp arbeidar- og fagrørsla skulle nytte seg av desse moglegheitene til å styrke seg, samstundes som han engasjerte seg nettopp saman med arbeidar- og fagørsla for å skape eit lovverk som kunne forsvare oss mot bruk av dataløysingar på ein slik måte at det ville verte til skade for arbeidsfolk og andre.

I ettertid har det kome nye synspunkt på politikaren Kristen også frå alle dei overlegne JA-folka og politiske kommentatorane, som før og under siste EU-kampen ofte omtala Kristen og NEI-sida med spydige kommentarar om kor galt det ville gå med NEI-sida, fordi Nei til EU var leia av ein professor som mangla alt ein politisk leiar liksom må ha for å lykkast i «dagens mediasamfunn». Vi huskar alt dei sa om at Kristen var utan mediatekke og carisma, utan evne til politisk (ny)orientering og det blei stadig gitt inntrykk av at dersom Nei til EU skulle ha ein sjanse til å vinne EU-kampen, så måtte vi i alle fall skaffe oss ein annan leiar enn Kristen Nygaard. NEI-sida vann EU-kampen i Noreg, og dei fleste forstår idag at analysane og det utrettelege arbeidet frå politikaren og organisasjonsbyggaren Kristen for å bygge og leie NEI-fronten og halde han samla rundt ein felles politisk og organisatorisk strategi, var forutsetninga for at denne sigeren var mogleg mot alle rådande maktforhold i samfunn, politisk liv og mediaverd. Hadde han ikkje fått med seg mange av oss andre samla i Nei til EU rundt denne strategien, hadde Noreg idag vore EU-medlem uansett kor heltemodig vi kvar for oss hadde slite og jobba politisk gjennom ulike parti og i alle andre samanhengar!

Det var politikaren og organisasjonsbyggaren Kristen eg først møtte i Kristiansand hausten 1990, då Kristen på ein av sine mange utrettelege foredragsturnear regelrett «shanghaia» meg og mot mi eiga bestemte vilje overtydde meg om at eg skulle vere med å bygge og leie NEI-fronten i Aust Agder. På det tidspunktet var eg gått politisk tom og var stort sett oppgitt og lei etter eit par tiårs politisk slit som fagleg tillitsvald i Posten og lokal politikar for AKP/RV, samt ymse tverrpolitiske aksjonar og frontar (slik det oftast er på mindre plassar). Var det noko eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle gjere, så var det å ta ein ansvarsposisjon på fylkes-/landsnivå, for på førehand innsåg eg at det ville eit blodslit over svært lang tid for dei som tok ansvar for å bygge, leie og organisere den gryande NEI-fronten.

Kristens metode var enkel, og eg er sikker på at mange som har møtt Kristen kjenner seg igjen i situasjonen eg opplevde. Då politikaren Kristen avslutta innleiinga på møtet i Kristiansand skulle vi ha ein pause med kaffe og litt mat (god tradisjon på NEI-sida, som tok vare på folka sine) før den opne debatten. Det siste organisasjonsbyggaren Kristen gjorde før pausa var å spørre: «Forresten, - er det noen fra Aust Agder i salen?» Vi var fire som ikkje kjende kvarandre frå før (2 frå bakgrunn i SP/landbruk og 2 frå bakgrunn RV/fagrørsle) og som i rein tankeløyse rekte opp handa, og entreprenøren Kristens siste ord før pausa vart dermed: «Fint, - da blir dere interimstyre for fylkeslaget i Aust Agder. Vi møtes nede i hjørnet i pausen så kan vi snakke om hvordan dere skal gjøre det!» Det gjorde vi og mindre enn 3 månadar seinare var fylkeslag stifta for Nei til EU i Aust Agder, vi hadde godt over 1000 medlemmar (på rask veg mot eit tal på godt over 4000 som rekna seg som medlemmar då vi var på topp) og hadde full delegasjon med utsendingar til landsmøtet som stifta Nei til EU på landsplan. Ved folkerøystinga i 1994 hadde vi i Aust Agder svært mange stader klårt høgare NEI-oppslutning enn det hadde vore i 1972!

Politikaren, organisasjonsbyggaren og entreprenøren Kristen svikta oss aldri. Han heldt kontakten og bidro med idear og forslag, samt kom igjen og igjen på vitjing og heldt foredrag for store og små forsamlingar. Den utrettelege og utøvande aktiviteten Kristen bidro med på sine utallige reiser land og strand rundt, gjorde at Nei til EU-fronten blei bygd og halde saman rundt felles politisk og organisatorisk strategi.

Politikaren, organisasjonsbyggaren og entreprenøren Kristen la stor vekt på det personlege i å møte einskildmenneske over heile landet. Han tok alle i handa og etablerte personleg kontakt gjennom å veksle nokre ord med alle, for anten dei var kjendisar eller vanlege «usynlege slitarar» så var han interessert i kva folk meinte. Slik sett var hans personlege innsats formidabel, fordi han også deltok aktivt lokalt over heile landet på ein måte som gjekk langt ut over det som vanleg er for ein landsleiar av organisasjonar på storleik med Nei til EU. Det engasjerte mennesket Kristen imponerte alle oss slitarane i NEI-fronten, og gjennom denne evige helsinga og pratinga med «alle som ein» i ei kvar forsamling, så blei han personleg det limet som heldt oss saman frå topp til botn på NEI-sida, når indre motsetningsforhold i fronten tårna seg opp politisk, organisatorisk eller på det personlege planet. Det som heldt oss saman var felles virkelighetsforståeing, eit resultat av Kristens innsats og gjentatte poegntering av kor avgjørande dette var som grunnlag for ein brei og samansett front som Nei til EU.

Først heilt på tampen av siste EU-kampen blei eg kjent med Kristens elskede Johanna, som han hadde vore gift med sidan 1951, og som eg forsto betydde uendeleg mykje for han. Ho var alltid med Kristen på dei faste helgesamlingane på «MIMREBU» i Evje som vi forsøkte å halde kvart år etter folkerøystinga. Deltakarlistene på desse samlingane varierte litt frå år til år, men underteikna, May Britt Gundersen og Olav Arne Kleveland var fast inventar saman med Johanna og Kristen, og Kristen sørga personleg alltid for at det blei skrive fyldige referat om både dei djuptpløyande diskusjonane, den fasjonable menyen (som alltid starta med «mimresuppe» og fortsatte med steikt, sprellfersk og nytrekt aure) og alle øvrige aktivtetar. Sjøl om Kristen sjølsagt sikra at vi alltid hadde rikeleg med god vin, hendte det at samtalane og døgnet blei strekt så langt at vi kunne gå tom.

Kristen Nygaards død er eit stort tap for mange av oss. Han vil bli sakna som forskar og foredragshaldar for datamiljøet, politikar og organisasjonsbyggar for Nei til EU , strateg og entreprenør i mange samfunnspolitiske samanhengar. På desse områda har mange lært mykje av Kristen, og vi har alle eit ansvar for å bidra til å forvalte og utvikle denne kunnskapen og omsette han i praktisk arbeid til nytte for dei sakene Kristen brann så inderleg for. Men først og fremst kjem nok mange av oss også til å sakne det evig engasjerte mennesket Kristen, der alle desse andre spennande sidene var så heilstøpt saman, på ein måte vi lærte å sette utruleg stor pris på. Det er vanskeleg å fatte at vi aldri igjen skal samlast som gode vener rundt bordet med god mat og vin og ein utviklande, lærerik samtale. Ein kjær ven har gått bort, og vi er mange som føler på tapet saman med Johanna og dei øvrige etterlatte i familie og slekt.

- Paul Magnus Gamlemshaug, 17. aug. 2002
  Styremedlem og kassestyrar i fylkesstyret
  for Aust Agder Nei til EU (tidlegare fylkesleiar)